Strusshamn karateklubb

Strusshamn karateklubb følgjer den tradisjonelle karatestilarten Chito-ryu. Som alle formar for budo (japansk kampkunst) er målet med Chito-ryu å få ein betre forståing av seg sjølv gjennom dyrking av kampkunst.

Karate for barn er annleis enn karate for vaksne. Sjølvforsvar er underordna. Gjennom leik og moro trenar ein kroppskontroll og fokus. Ein lærar òg disiplin og respekt for seg sjølv og andre.

Bli medlem

I første omgang tilbyr me trening for barn i første og andre klasse. Første opptak er fullt, dersom de ynskjer å stå på venteliste kan de fylla ut skjema her.

Treningsavgifta er 600kr per semester.
Betaling kan gjerast til:
Strusshamn karateklubb, Lyngneset 39, 5302 Strusshamn
kontonummer 3633 37 72110.

Timeplan

Onsdag morgon kl. 07.30 – 08.15 i Gymsalen på Strusshamn skule. Ein treng ikkje å delta i SFO for å koma på trening.

Første trening

Still barfot og i lett treningstøy. Ta gjerne med drikkeflaske. Det er mogleg å kjøpa karatedrakt gjennom klubben.

Kontakt oss

Om klubben

Sommaren 2013 vart klubben stifta. Fanny Dalis og Rune Reisegg Jacobsen er instruktørar. Rune har trent karate i 17 år og taiji i 14 år. Fanny har trent litt under eit år, men har lang erfaring som lærar.

Klubben samarbeider tett med Universitetets karateklubb, og er medlem av International Chito-Ryu Karate Federation (ICKF) med hovudsete i Kumamoto, Japan.

Klubben er også medlem i Norges Idrettsforbund og Norges kampsportsforbund.

Pensum og anna